Intens nedbør laurdag kveld - opptil 80 mm i løpet av helga

Det er venta intens nedbør i indre Nordfjord laurdag kveld, og også søndag vil det vere kraftige regnbyger.   Foto: Gunnhild Sindre

New Articles

Vi går ei våt helg i møte.

Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid frå Olden fortel at det er venta mellom 40 og 80 mm nedbør til saman i indre Nordfjord laurdag og søndag.  Foto: Privat

- Vi er inne i ein periode med mykje nedbør i Nordfjord. Mykje nedbør blir det i helga også, der den mest intense perioden er laurdag kveld. Heile søndag blir det også kraftige regnbyer. Det er venta mellom 40 og 80 mm på laurdag og søndag til saman, fortel statsmeteorolog Geir-Ottar Fagerlid til Fjordingen.

Natt til måndag blir det også snøbyger ned mot 7-800 m i indre Nordfjord.