Jord- og flaumskredfare på oransje nivå

Varsel om jord- og flaumskredfare oransje nivå (nest høgste nivå) er sendt ut for midtre og indre deler av Sogn og Fjordane og Hordaland.   Foto: Kartverket

New Articles

Det er sendt ut varsel om om jord- og flaumskredfare, oransje nivå for midtre og indre deler av Sogn og Fjordane og Hordaland.

På Varsom.no kan ein lese at det er venta regn og stadvis kraftige regnbyger over heile området. Frå laurdag ettermiddag tar nedbøren seg opp, lokalt kan det kome opp mot 100 mm på 24 t. Det er noko usikkert kva for område som får aller mest nedbør. Skredfaren er størst der bygene treffer. Følg vêrradar. Temperaturen stig òg mellombels, noko som fører til at nysnøen som kom i fjellet torsdag vil smelte.

Bratte skråningar, og dessutan bekker og elveløp med stor vassføring, er spesielt utsett. Grunnvasstanden og vannmetningsgraden i bakken er svært høg.

Råd: Hold deg oppdatert om utviklinga av vêret, skred- og flaumsituasjonen, og følg vêrradaren. Hald deg unna bratte skråninger, og dessutan bekker og elveløp med stor vassføring. Beredskapsstyresmakter skal vurdere fortløpande behov for beredskap og førebyggande tiltak.

Aktsemdsnivå oransje, definisjon: Alvorleg situasjon som førekjem sjeldan, krev beredskapsmessige førebuingar og kan medføre alvorlege skadar.

Mange skredhendingar; nokre kan få store konsekvensar.

Omfattande oversvømmelser, erosjonsskadar og flaumskadar på utsette stader. Gjentakintervallet er meir enn 5 år.


Flaumfare

NVE har også sendt ut varsel om flaumfare, gult nivå for deler av Vestlandet.

Her heiter det at det er venta mykje regn, laurdag og søndag. Nedbøren blir venta å kome som regn under ca. 2000 moh natt til søndag. Snøgrensa blir venta å trekkje nedover i løpet av søndagen. Det blir venta mest regn i midtre og indre strøk.

Mykje regn vil gje aukande vassføring i vassdraga. Vassføringa kan passere gult varslingsnivå natt til søndag. Reguleringer vil i nokre tilfelle verka flomdempende, og varselet vil derfor ikkje nødvendigvis gjelde i alle regulerte vassdrag.

Det er fare for overvatn i tettbygde område, lokale oversvømmelsar, bekke- og elveløpsendringar, jord- og flaumskred der regnet treff. Kan føre til stengde vegar og bruer.


Snø i fjellet

I løpet av helga vil snøen krype nedover. Det kan vere lokalt vanskelege køyreforhold. Nokre reiser kan dermed få lengre reisetid.

Beregn noko ekstra tid til transport og køyring. Bruk riktige dekk og køyr etter forholda, er råda NVE gjev.


Varsom.no er ei teneste levert av NVE i samarbeid med Statens vegvesen og Meteorologisk institutt