Mange høyrde valsendinga til Radio Stryn

Roy Aron Myklebust og Bengt Flaten klare for valsendinga.  Foto: Thomas Thaule

New Articles

Mange høyrde Radio Stryn si valsending måndag. Tal viser at det var 650 unike brukarar som var innom sendinga via Fjordingen si nettside. I tillegg kjem lyttarar på FM-bandet.

- Dette er fantastiske tal, og vi har fått mange positive tilbakemeldingar på tilbodet, seier ansvarleg for Radio Stryn, Ove Aarskog.