Tine:

Norsk osteeksport går årleg 250 millionar kroner i minus

Eksporten blir avslutta når eksportstøtta frå staten forsvinn.

TINE sitt kjølelager på Kalbakken i Oslo.  Foto: Gorm Kallestad

New Articles

Tine opplyser til Nationen at osteeksporten gjekk med 200 millionar kroner i tap i 2018. I tillegg fekk selskapet rundt 50 millionar kroner i eksportstøtte.

I åra før dette var tapa til Tine lågare, medan eksportstøtta var høgare.

– Vi har aldri lagt skjul på at Jarlsberg-eksport utan eksportstøtte er ulønnsamt. Der debatten står no ønske vi at eigarane skal ha eit godt utgangspunkt for å forstå vurderingane rundt å avslutte eksporten frå Noreg, seier styreleiar Marit Haugen i Tine.

Eksportstøtta har bidratt til å halde norsk mjølkeproduksjon oppe. Regjeringa har vedtatt å kutte den frå 1. juli 2020 etter at Verdshandelsorganisasjonen (WTO) gjekk inn for å fase ut all bruk av eksportstøtte av landbruksvarer.

På bakgrunn av dette har Tine bestemt at osteeksporten skal avsluttast på same tidspunkt. I staden skal Jarlsbergost berekna for den utanlandske marknaden blir produsert i utlandet.

Eksporten har vore på nær 12.000 tonn ost i året, og stått for opp mot 8 prosent av den totale norske mjølkeproduksjonen.

Partiet Venstre tok nyleg til orde for at staten og Tine må møtast med tanke på å vidareføre osteeksporten.

Nyleg vart det kjente at Tine kuttar 400 årsverk mellom anna for å førebu seg på ein nedgang i behovet for mjølk på nærare 10 prosent. Den viktigaste årsaka er at det blir slutt på eksport av Jarlsbergost.