Totalt 25 personar vart evakuerte

NVE er på plass i Olden

Anders Muldsvor i NVE er på plass i Olden for å vurdere sutuajsonen etter flaumen seint søndag kveld og natt til måndag.  Foto: Roy Aron Myklebust

New Articles

Anders Mukdsvor, geolog frå NVE er på plass i Olden for å vurdere sitiuasjonen etter flaumen i natt der totalt 25 personar vart evakuerte.

- Det er 25 personer som er registrert evakuerte. Samtlege er innkvarterte på hotell eller hos vener/familie, opplyser operasjonsleiar Stein Rune Halleraker ved Vest politidistrikt.

Politiet oppfordra dei som eventuelt har evakuert seg sjølv om å ta kontakt med politiet for registrering dersom dei ikkje allereie har gjort det.

Fv 60 vart på morgonen opna med manuell dirigering, men området som vart evakuert vert ikkje opna for at folk får flytte heim før geologen har vurdert situasjonen.

Eit stort mannskap frå politi, brannvesen, Røde Kors og Sivilforsvaret var i aksjon i Olden seint i går kveld og natt. Mannskapa frå brannvesenet og Røde Kors vart dimmiterte utpå natta då alle som skulle evakuerast var komne i sikkerheit, men er i beredskap, opplyser politiet.

Politiet opplyser at det ikkje meldt om at personar er skadde. Det er heller ikkje meldt om personer som er savkna eller isolerte.

Det er heller ingen kjente skader på hus eller eller vegar, men dette vil ein få meir oversikt over i dagslys.

Stryn kommune sette krisestab i natt som følgje av flaumen og evakuering.

Mannskap frå Sivilforsvaret og fra Statens Vegvesen er framleis på staden og bistår med avsperring av det evakuerte området.