Stryn med tredje strake siger

Vegard Sæten Hopland og Stryn vann 4-1 borte mot Florø 2.  Foto: Stig Høynes (arkiv)

New Articles

Stryn vann bortekampen mot Florø 2 i Kretsligaen søndag ettermiddag.

Då  dommaren bles for full tid stod det komfortable 5-1 til Stryn.

Men det var heimelaget som kom best i gang på Florø kunstgras, og før kvarteret var spelt stod det 1-0. Resultatet stod seg til det var att fem minutt av omgangen. Då utlikna Ole-Ivan Glosvik Espeland først til 1-1, før Vegard Sæten Hopland sende Stryn i føringa med eit skot frå fem-seks meter.

Florø 2, som desperat treng poeng for å unngå nedrykk, jaga utlikning, men i staden sette Ruben Garlid inn 3-1 ti minutt før full tid. Johannes Garlid Tenden sette inn 4-1 før Vegard Sæten Hopland la på til 5-1.

- Ein meget god kamp mot eit forsterka Florø 2 som stilte med seks a-lagsspelarar. Vi sleit litt første 15 minutta, men etter det viste gutta mykje bra. Vi låg kompakt og gav Florø 2 lite rom. Vi tok overgangane og spelte med tempo i lengderetninga. Kvalitet i pasningsspel og angrep, og klassescoringar. ein lagsiger de lux, seier ein særs nøgd strynetrenar, Geir Inge Rake.

Dermed tok Stryn sin tredje strake siger, og sidan Studentspretten tapte  sin kamp i helga så er avstanden opp no berre tre poeng for Stryn.