Lastebil har køyrt av vegen

Sjåføren sendt til sjukehus med luftambulanse

Ulykka skjedde mellom Hatledal og Maurset ved Arnehaugkrysset.  Foto: Thomas Thaule

New Articles

Ein lastebil har køyrt av vegen mellom Hatledal og Maurset ved Arnehaugkrysset, om lag ein kilometer frå Ullsheim. Naudetatar frå både Stryn og Hornindal rykka ut til staden.

Lastebilen med hengar lasta med sand ligg på sida i grøfta. Ifølgje politiet på staden skal bilen ha kome utanfor asfaltkanten og velta i møte med motgåande bil. Sjåføren var åleine i bilen.

- Føraren av lastebilen er frakta med luftambulanse til Førde med smerter i nakke og rygg, seier politibetjent Eirik Krossen til Fjordingen sin journalist på staden.

  Foto: Thomas Thaule

Vest politidistrikt fekk melding om trafikkuhellet kl. 10.06. Sjåføren var bevisst då han vart frakta frå staden. Skadeomfanget elles er ukjent.