Sendt rett til verkstad

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten

New Articles

Statens vegvesen hadde kontroll ved Kjøs bru torsdag.

To køyretøy vart sendt direkte på verkstad for dekkskifte, fem førarar hadde gjenstandar plassert i frontruta som måtte fjernast, fem førarar fekk åtvaring for brot på køyre- og kviletidsregelverket, og ein førar vart meld for brot på same regelverk.

Ein førar måtte laste om då køyretøyet var for tungt på ein aksel. Det vart utferdiga tre mangellappar for tekniske manglar ved køyretøy (dekk og frontrute).