Vegstenging ved Storesunde i Stryn

Arbeid med den nye Flotunnelen.  Foto: Statens vegvesen

New Articles

Massetransport frå bygginga av Flotunnelen slit på fylkesvegen mellom Veslebygda og Storesunde. Difor må ein no gjere mindre utbetringar av vegen, og dette arbeidet vil krevje stengingar på kveld og natt.

Frå måndag 14. oktober vil vegen bli stengd måndag til og med torsdag, frå kl. 19:00 til 22:30 og 23:30 - 02:00.

Video: Her går første salve av Flotunnelen

– Bygginga av Flotunnelen er eit rassikringsprosjekt, og midlane skal stort sett gå til det. Men massetransporten frå tunnelen har slite på eksisterande veg, og vil slite meir viss det ikkje blir gjort tiltak. Difor vil møteplassar bli utvida, og vegen forsterka nokre stader mellom Veslebygda og rv 15, seier prosjektleiar Øystein Tytingvåg i ei pressemelding frå Statens vegvesen.