Vestland:

Fylkestinget opnar i ettermiddag

På plass i Bergen: Sonja Øvre-Flo er på plass på det historisk første fylkestinget i Vestland. Ho er valt inn i utval for Opplæring og kompetanse. 

New Articles

Vestland fylkesting blir konstituert i Bergen i ettermiddag. I det høvet er også det nye fylkesordførarkjedet klart.

Den første fylkesordføraren i Vestland skal i ein høgtideleg seremoni få overrekt den heilt nye fylkesordførarkjeda for Vestland tysdag kveld. Motiva som er valde er både historiske og skal samtidig vere lett gjenkjennelege for alle innbyggarane i Vestland.

Det er sølvsmed Knut Mykkeltvedt, Fjordsylv AS i Vik, som har laga fylkesordførarkjeda. Han har samarbeidd tett med biletkunstnar Åse B. Dale frå Aurland, som har teikna skissene.

Fellesnemnda stilte med fire folkevalde, som har sete i komiteen saman med representantar frå administrasjonen i kulturavdelingane i fylka. For komiteen har det vore viktig at alle dei 16 motiva viser stadar, aktivitetar og kjenneteikn som er sentrale frå anten historia eller notida. Difor ser vi både helleristningar, Urnesportalen, steinkross og Bryggen som representantar for historiske stadar i fylket.

Frå næringsliv ser vi både sild, jekt, eple og turbinen, der sistnemnde omdannar kraft frå styrtande vatn til elektrisk kraft. Bruene og tunnelane bind oss saman og viser samstundes den store historiske ingeniørkunsten. Dropen, friluftsliv, hardingfele og fjording høyrer òg med som motiv i det som er vårt felles, nye fylke Vestland.

Det mest moderne motivet er ein QR-kode, som viser vår teknologiske tid, og som samstundes viser vegen til ein nettstad for informasjon om fylkesordførarkjeda. Koden vil akkurat no leie til nyhendesaka på vlfk.no om fylkesordførarkjeda. Der kan du lese meir om dei ulike motiva, og kva dei tyder, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

Nytt kjede: Vestland fylkesting blir konstituert i Bergen i ettermiddag. I det høvet er også det nye fylkesordførarkjedet klart.  Foto: Vestland fylkeskommune

 

Ti innbyggarar frå Vestland


Til den høgtidlege markeringa i Håkonshallen er det òg gjort rom for ti innbyggarar frå Vestland, deriblant ein frå Stryn.

– Sjølvsagt måtte vi invitere med ti innbyggarar frå det flotte nye fylket vårt. Dette blir ein kveld for historiebøkene, seier leiar og nestleiar av fellesnemnda, Anne Gine Hestetun og Jenny Følling. Dei to fylkesordførarane har leia arbeidet med samanslåinga av dei to fylka fram til konstitueringa.

Det blir både talar, underhaldning og god mat under den høgtidelege markeringa i Håkonshallen. Eit stort historisk augeblikk blir det når den nye fylkesordføraren får på seg den nye fylkesordførarkjeda for første gong.

Dei heldige ti innbyggarane som får sjå det og bli med på den flotte markeringa av Vestland er: Per Normark, Vaksdal, Mariann Hatlenes, Stårheim, Svein Rune Gimmestad, Sandane, Kaspar Knudsen, Bergen, Ragnhild Midtbø, Florø, Jørgen Røsøvåg Nesje, Stryn, Håvard Lunde, Uskedalen, Emil Brimsholm, Bergen, Øivind Rasmussen, Bergen, Knut Henning Litsheim, Kyrkjebø.

Det var i midten av september at innbyggarane i Hordaland og Sogn og Fjordane vart inviterte til å bli med i Håkonshallen. Dei som hadde lyst å bli med sende e-post for å melde si interesse, og dei ti over blei så trekte ut ved loddtrekning.