Utbygginga av ladepunkt til elbil heng etter

Illustrasjonsbilde.  Foto: Tore Meek

New Articles

På drygt to år har det blitt 60 prosent fleire elbilar per ladepunkt. Det syner ferske tal frå Statistisk sentralbyrå.

Tala viser at det ved utgangen av 2016 var 97.532 elbilar i Norge, og 7.701 offentleg tilgjengelege ladepunkt. Det svarar til 12,7 elbilar per ladepunkt.

Ved slutten av 2018, var det 195.351 elbilar i Norge, men talet ladepunkt hadde på same tid berre vakse til 10.865, ein auke på litt over 41 prosent.

– Frå 2016 har veksten i talet elbilar vore ein god del større enn veksten i talet ladepunkt, seier seniorrådgivar Geir Martin Pilskog i SSB til Teknisk Ukeblad.

– Vi meiner at det bør byggjast 1.200 ladestasjonar i Norge årleg. I dag blir det berre bygd halvparten av dette, seier generalsekretær Christina Bu i Norsk elbilforening til Tidsskriftet.

(©NPK)