Spelar om KM-tittelen:

No ønskjer dei støtte frå publikum

Håpar på hjelp frå publikum: Stryn gutar 15/17 spelar om KM-tittelen heime mot Førde i siste sluttspelkamp onsdag.  Foto: Privat

New Articles

Stryn sitt gutar 15/17-lag i fotball spelar om KM-tittelen heime på Stryn stadion onsdag. Motstandar er Førde, og vinnaren av kampen blir KM-vinnar.

Etter eit sluttspel mellom Stryn, Førde, Sogndal og Eid er det no klart for siste runde.

Stryn greier seg også med uavgjort, men det er ein offensiv og optimistisk kaptein, Trym Vatn Øvreberg, som seier at Stryn vil gå hardt ut.

- Det er ein kamp vi ikkje toler å tape, så det er nok ein del nerver sidan det er så mykje som står på spel. Men så lenge alle er disiplinerte og fokuserte på det dei skal gjere så skal nok dette gå vegen, seier Vatn Øvreberg.

Stryn har litt å rette opp sidan Førde vann 4-2 på heimebane tidlegare i haust.

- Her er det revansjelyst?

- Absolutt, seier kapteinen.

- Og no håpar de på mykje folk på stadion?

- Ja, vi oppfordrar alle til å kome og heie oss fram. Forhåpentlegvis kan vi avslutte sesongen med ein KM-tittel, avsluttar ein kampklar Trym Vatn Øvreberg.