3. divisjon damer:

"Seriefinale" på Stryn stadion

Seriefinale: Stryn jublar etter scoring mot Studentspretten tidlegare i sesongen. Blir det meir jubel etter "seriefinalen" mot Førde søndag ettermiddag?  Foto: Stig Høynes

New Articles

I ettermiddag spelar Stryn sitt damelag i 3. divisjon fotball siste seriekamp for sesongen. Kampen er også heilt avgjerande for Stryn når det gjeld kven som vinn divisjonen denne sesongen.

Både Stryn og Sandane står før siste serierunde med 36 poeng, men Stryn har langt betre målforskjell, + 22. Med siger over Førde vil Stryn vinne og dermed kvalifisere seg til spel i 2. divisjon komande sesong. Stryn kan også klare seg med uavgjort eller tap, men er då avhengige av at Sandane ikkje får eit betre resultat i sin heimekamp mot Sogndal.

- Jentene er klare til kamp, og vi håpar på mykje publikum, det fortener laget, seier trenar Johann Sigurdsson. Han fortel om at Stryn stiller med fullt lag til oppgjeret.

Kampstart er klokka 15.00, og oppgjeret ser du på fjordingen.no