Vann prestisjetung pris for spektakulær bru:

Stryvo tildelt Norsk Stålkonstruksjonspris

Stryvo er tildelt den prestisjefylte Stålkonstruksjonsprisen for 2019. Prisen vart utdelt under bransjedagen Norsk Ståldag.

Dagleg leiar ved Stryvo, Jostein Bøe, tok imot prisen på vegne av stryneverksemda.   Foto: Lars Hamrebjörk

New Articles

Prisen fekk stryneverksemda for bygginga av den spektakulære gangbrua på Sognefjellet - 52 m lang og berre to centimeter tjukk!

Fleire utfordringar

Gangbrua ligg 1.410 meter over havet og er ei strekkbandbru over Fantesteinsvatnet, designa av Dronninga Landskap. Den oppspente stålplatebrua er den første i sitt slag i Norge, og i heile verda finst det berre rundt 50. Brua vart opna av statssekretær Atle Hamar i Klima- og miljødepartementet.

Prosjektet baud på fleire utfordringar, ikkje minst fordi brua ligg høgt til fjells og det er strenge retningslinjer for bruk av anleggsmaskiner i høve til motorferdsel i utma.

Frå opninga av den spektakulære brua, der m.a. dagleg leiar Josten Bøe, anleggsleiar Bent Sigurd Støyva og prosjektleiar Ard Mikal Kleppe deltok.   Foto: Jon Berg


Heng høgt

Brua er ein del av prosjektet «Innfallsport Jotunheimen Nasjonalpark på Sognefjellet» og er av det spektakulære slaget, ikkje minst når ein tenkjer på tjukna på stålplata.

Den prisløna brua er spektakulær, 52 m lang og berre 2 cm tjukk.  Foto: Stryvo

Den spektakulære brua, som Stryvo leverte til Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen på Sognefjellet i fjor sommar, har blitt lagt merke til. Så mykje merksemd har brua fått at ho vart nominert til Norsk Stålkonstruksjonspris.
Og under bransjedagen Norsk Ståldag 2019 torsdag vart stryneverksemda utpeika som vinnar av prisen.
– Stas. Dette heng høgt, seier CEO for Stryvo, Jostein Bøe, til Fjordingen.
Sjølv har han tidlegare skildra brua som eit «spenstig prosjekt».




- Resultatet er uhyre elegant

Stryvo deler prisen med byggherre Fylkesmannen i Oppland/Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen, arkitekt Dronninga landskap AS og konstruktør Dipl.Ing. Florian Kosche AS.

Fekk pris: Dagleg leiar Josten Bøe t.h. mottok Norsk Stålkonstruksjonspris på vegne av Stryvo AS. Stryvo deler prisen med byggherre Fylkesmannen i Oppland/Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen, arkitekt Dronninga landskap AS og konstruktør Dipl.Ing. Florian Kosche AS.  Foto: Lars Harmrebjörk

- Juryen har valgt å premiere en bro som gjør svært mye ut av svært lite. Broen er en del av en vel planlagt vandring i spektakulære omgivelser, og som i sin utforming velger å gjøre "alle inngrep så usynlige som mulig, for å rette fokus mot naturen".

Prosjektet er spektakulært i sin enkelhet og beskjedenhet. Umiddelbart virker brokonstruksjonen helt usannsynlig, men ved nærmere ettertanke er den helt logisk i sitt samvirke mellom konstruksjon og sted, mellom stålets strekk og "godt berg i dagen", heiter det i grunngjevinga for prisen.

Det vert peika på at 47 m spenn vert løyst med ein 20 mm høg, oppspent konstruksjon, ei svært intelligent løysing med optimal ressursbruk som likevel er utført med standard materiale og byggemetodar.

- Resultatet er uhyre elegant. Det prisverdige ved dette prosjektet ligger ikke bare i den intelligente måten konstruksjonen er løst på, men også nettopp viljen til å tre tilbake. Til å ikke lage et "signal", som mange blir fristet til, men la naturen være hovedsaken, konkluderer juryen.

Fakta om prisen

  • Norsk Stålkonstruksjonspris blir delt ut av Norsk Stålforbund (Norwegian Steel Association)
  • Prisen blir delt ut til ein stålkonstruksjon som har kvalitetar både når det gjeld estetikk, teknikk, miljø og økonomi
  • Juryen består av representantar frå Norske Arkitekters Landsforbund (NAL), RIF - organisasjonen for rådgivere, Norsk Forening for Stålkonstruksjoner (NFS) og Den Norske Stålgruppen (DNS).


Relaterte saker:

Bruprosjekt levert av Stryvo

Nominert til stålprisen

Leverte spektakulær bru

Frå opninga av den spektakulære brua, der m.a. dagleg leiar Jostein Bøe og arbeidsleiar Bent Sigurd Støyva og prosjektleiar Ard Mikal Kleppe deltok.