Flyttar heim etter sesongslutt:

Solheim for siste gong i Hammarby

Siste kamp: Mats Solheim spelar mest truleg sin siste kamp for Hammarby i ettermiddag.  Foto: Therese Back

New Articles

Den svenske avisa Expressen melder at Mats Solheim (31) spelar sin siste kamp for Hammarby laurdag, og at han og familien flyttar heim til Norge.

Den svenske klubben, som kjempar om seriegullet i Allsvenskan, vil gjerne forlenge kontrakten med Solheim, men har ikkje lukkast med det så langt.

Loaren kom frå Kalmar FF til Hammarby for fire og eit halvt år sidan, og står med 117 kampar for dei grøne og kvite. Denne sesongen står Solheim, som blir skildra som ein stor profil i klubben, med 26 kampar og to mål.


Allsvenskan:

Mats Solheim kan bli seriemeister

Laurdag går siste serierunde i Allsvenskan i fotball. Midt opp i ein spennande kamp om seriemeisterskapet står ein kar frå Loen.