Ellevill bygdakveld i Markane

Strikkeklubb: «Drikk og strikk» fekk besøk av strikkerettleiaren, f.v. Isak, Maren, Linda, Helge, Hildegunn og Atle. Då rettleiaren synte døme på ein nyttig ting i kulden, gjekk jubelen mest gjennom taket!  Foto: Leif Vinsrygg

New Articles

Dei driftige og initiativrike ungdomane i Markane ungdomslag klarte det igjen. Stappfullt hus, godt program og stor stemning. Bygdakveldane er samlande for bygda.

Programgjengen hadde også denne gongen sett fokuset på hendingar i bygda. Med ellevill humor fekk vi vere med på strikkeklubb, realityserien Ex on the Beach, sketsj om frustrasjon over flatpakka sending, nye husnummer og parodi på Bjørn Eidsvåg med følgje, i tillegg til fengjande opningssong. Hildegunn Hatledal var redaktør for Marka-bladet, der ho mimra frå eiga ungdomstid, velskrive og interessant.

God mat, kakebord og dans til slutt, då er det meste sagt i kort-versjon.