Innføring i livet som politisk folkevald

Kursansvarleg: Kristin Maurstad stod for folkevaldinnføringa i regi av KS.  

New Articles

Avtroppande ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad, er ein av ca 40 personar som gjennom KS er kursa til å reise rundt til kommunar og halde innføring i kvardagen som politisk folkevald. Onsdag var turen komen til lokalpolitikarane i Stryn.

-Det var KS Sogn og Fjordane som spurte meg. Det første eg tenkte var «herregud dette er jo slik som far min held på med», smiler ho, og syner til faren som er den røynde politikaren Jon Aasen.

-Han har drive med dette i 40 år og no var vi på kurs ilag.

Frå før har Maurstad vitja Vaksdal, Årdal og Gulen, og etter Stryn ventar Luster og Allvær kommune.

Dagen vart nytta til å prate om motivasjonen for å bli politikar, kva ein ønskjer å få til som folkevald og korleis få fram saker. Korleis involvere publikum i det politiske arbeidet og då kanskje særleg ungdom. Vidare fokus på samspelet mellom administrasjonen og politikarar og bevisstgjering rundt korleis ein oppfører seg både i møter og i det sosiale rom som politikarar.

-Før var det meir lagt opp som kurs med førelsing i paragrafar. No jobbar vi meir i sekvensar med case, drøftingar og refleksjonsoppgåver, fortel Maurstad, som sjølv skal inn i administrativ stilling i nye Kinn kommune etter nyttår. Der har ho fått jobben som kommunalsjef for innovasjon og utvikling.

-Då må eg sjølv vere bevisst på rolleforståinga, smiler ho, vel vitande om at det blir ein ny kvardag samanlikna med rolla som ordførar.

Blant tema som vart diskutert var om ein folkevald kan velje vekk å sjå bort frå kommunen sine vedtekne etiske retningslinjer og til dømes kritisere kommunalt tilsette og grunngje det med at ein opptrer som privatperson?

-Nei, ein kan ikkje vere to personar. Er ein folkevald så er ein folkevald. Men kjem ein ikkje inn att i kommunestyret kan ein ta att, sa Inge Fænn med eit smil.

-Dokke er på Facebook som privatpersonar og politikarar og må justere kor mykje ein legg ut. De kan vurdere kor privat dokke vil vere der, men kan ikkje bestemme kor politikar ein vil vere, Maurstad.

Eit anna tema som vart diskutert gjekk på møtekultur. Det var brei semje om at ein i Stryn jamt over har god struktur og tone i møta. Rune Myklebust nytta høvet til å kome med ei oppfordring.

-Har ei oppmoding, noko eg føler vi må vere flinkare til. Det er nytt kommunestyre, og dette må vere ein talarstol som blir brukt av alle 25. Vi har alle kjent på nervøsiteten ved å stå her oppe første gong. Men vi går glipp av mykje kunnskap visst vi ikkje klarar dra alle 25 med. Det blir trasig visst det blir A- og B-stempel på lokalpolitikarane. Alle er likeverdige, sa Rune Myklebust.