Avslutta med ABBA-stil

Solistar: Klara Bergem Bø (12 år) (t.v.) og Lise Mari Sætre fekk trampeklapp og stor jubel for innsatsen som solistar då Frostskoddekoret og Stryn musikklag hadde ABBA-konsert under Kulturnatt i Stryn fredag kveld.   Foto: Sigrid Heggestad

New Articles

Etter ein innhaldsrik fredagskveld med kulturnatt i kulturhuset i Stryn, fekk publium til slutt servert ein flott, musikalsk hyllest til ABBA med Frostskoddekoret og Stryn musikklag.

Solistane Klara Bergem Bø (12 år) og Lise Mari Sætre, og alle aktørar, fekk trampeklapp for innsatsen frå ein nesten fullsett og fornøgd storsal. Blant låtane var Waterloo, Dancing Queen og Thank you for the music.

Utover novemberkvelden står kino og opne serveringsstader i sentrum og Oppstryn på programmet.