Løft for ung kultur

Åtte prosjekt i fylket har fått støtte til arbeidet med å løfte og utvikle arbeidet med UKM. Det går fram av ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Illustrasjonsbilde.  Foto: Ida Falkgjerdet Svåi

New Articles

I alt har dei åtte prosjekta fått 113.000 kroner i stimuleringsmidlar frå UKM Norge. Stryn kommune får tildelt 8.000 kroner til "Pangstart for UKM Stryn".

Sogn og Fjordane er dermed eitt av dei fylka som får mest pengar til å sette i gang prosjekt for å utvikle UKM.

Stor spennvidd

– Dette er god utteljing! Eg er veldig glad for at alle i fylket som har søkt, har fått støtte frå stimuleringsmidlane. Det er viktig for å utvikle det lokale arbeidet med UKM og for å levere ein endå betre fylkesfestival, seier Sissel Aarseth, fagkoordinator for kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Ung kultur møtest, forkorta til UKM, blir gjennomført som ei årleg mønstring av kultur for unge mellom 10 og 20 år. Dei unge kulturutøvarane deltek i ei lokalmønstring og enkelte får også delta i fylkesfestivalen og i den nasjonale UKM-festivalen. Spennvidda innan UKM er stor, med alt frå framsyningar i dans og teater, til musikk, film, visuell kunst og e-sport.

Åtte prosjekt

UKM Norge set kvart år av to millionar kroner til lokale initiativ over heile landet. Stimuleringsmidlane skal ikkje erstatte driftsbudsjettet til dei lokale arrangørane, men bidra til utvikling, auka deltaking og engasjement blant ungdom.

Desse prosjekta har fått støtte

Selje kommune - Ein Stad der Ung Kultur Møtast - 15.000 kr.

Stryn kommune - Pangstart for UKM Stryn - 8.000 kr.

Gulen frivilligsentral - UKM workshops - 15.000 kr.

Bremanger kommune - UKM Spelegal, Bremanger Showdown - 15.000 kr.

Kinn UKM - Rekruttering og starten på ein felles identitet - 15.000 kr.

Førde kommune - UKM Sunnfjord – E-sport - 15.000 kr.

Sogn og Fjordane fylkeskommune - Planleggingshelg for arrangørar 2020 - 20.000 kr.

Sogn og Fjordane fylkeskommune - Festivalredaksjon 2020 - 10.000 kr.