Betydeleg skredfare måndag

Skredfaren aukar tysdag

Illustrasjonsfoto  Foto: Bengt Flaten

New Articles

Måndag er det faregrad 3, eller betydeleg skredfare i indre fjordane. Snødekket vurderast å vere komplekst med ustabile nysnøflak fleire stader og særleg krevjande forhold i Nordfjord. Ferdsel i bratt terreng krev difor erfaring og kunnskap.

- Det er usikkerheiter knytt til ustabiliteten til vedvarande svake lag og difor bør rutevala vere konservative. Ta fareteikn som drønn og skytande sprekker på alvor. Ver merksam på stigande temperatur og vinddreining mot kvelden, heiter det i varselet på varsom.no

Tysdag er det faregrad 4; Stor snøskredfare i Nordfjord der naturleg utløyste snøskred er sannsynleg.

Snøskredfaren auka tysdag grunna rask temperaturstigning og mykje nedbør som regn til fjelltopphøyde.