Nye Volda:

Folkemøte om kommunebudsjettet

New Articles

I dag tysdag inviterer ordførar Sølvi Dimmen til ope folkemøte om nye Volda sitt budsjett for 2020 og økonomiplanen i Volda samfunnshus. Innbyggjarane vil få innblikk i korleis kommunen vil forvalte pengane dei neste fire åra, melder nye Volda kommune på sine nettsider.

Her verte det høve til å kome med innspel og spørsmål før kommunestyret handsamar budsjettet 12. desember.