Grisevêr i vente

Gult farevarsel for både jordskred og kraftige vindkast torsdag

Vått Våte meldingar for Vestlandet torsdag   Foto: yr.no

New Articles

- Sikre lause gjenstandar. Unngå unødvendig ferdsel på utsette stader, melder yr.no.

Første del av torsdag er det utsette stader venta vindkast kring 30-35 m/s frå sørvest i fylket.

I følge varselet skal vinden auke rundt klokka 04 natt til torsdag og avta torsdag ettermiddag.

I Stryn og Hornindal er det og meldt store nedbørsmengder torsdag, spesielt tidleg på dag med både lyn og torden.

Fleire stader i fylket er det venta opp mot 50-70 mm nedbør torsdag formiddag til fredag formiddag, som regn under ca. 800-1000 høgdemeter.

- Relativt høge temperaturar og mykje vind fører til stor snøsmelting. Bratte skråningar, samt bekker og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett for jordskred og flaumskred, heiter det mellom anna i farevarsel gult.