Tretti omkomne i brann hittil i år

Brann Illustrasjonsfoto  Foto: Roger Oldeide

New Articles

Ved utgangen av november hadde 30 personar omkomme i brann, viser tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Av desse er 25 menn og fem kvinner.

– Menn er som så ofte før overrepresentert blant omkomne og skadde i brannar og branntilløp. Årsaka kan vere at menn generelt er dårlegare til å tenkje branntryggleik. Så høyrer det med at tre av fire som døyr i brann er personar med nedsett funksjonsevne eller rusavhengige, i tillegg til at eldre over 70 år har opptil fem gonger høgare risiko for å dø i brann samanlikna med resten av befolkninga, seier Torbjørn Brandeggen, kommunikasjonsrådgivar i Tryg Forsikring, i ei pressemelding.

Desember er som regel månaden med flest brannar, og i jule- og nyttårshelga brenn det opptil 50 prosent meir enn snittet for resten av året.

I 2018 omkom 39 personar i brann.