Skal leie virtuell campus

Skal leie INVIRO: Nytilsett dagleg leiar Øystein Nes er snart i farta i sin nye jobb. Bak t.v.: prosjektleiar Trond Haavik (Segel), og styreleiar Einar Løken (Normatic).  Foto: INVIRO

New Articles

Nordfjordingen Øystein Nes (35) har fått jobben med å leie og utvikle INVIRO, Nordfjord Virtuelle campus på Nordfjordeid.

Nes har masterutdanning i medievitskap og har lang erfaring med forretningsutvikling, blant anna frå Vinmonopolet, kjem det fram av ei pressemelding.

Hovudfokuset framover for Nes blir å jobbe vidare med å etablere kurs- og utdanningstilbod knytt til INVIRO. Så langt har ein lukkast med å få på plass eit desentralisert deltidsstudie innan automasjon og elkraft i samarbeid med Fagskulen i Sogn og Fjordane.

I følgje pressemeldinga skal INVIRO skreddarsy kompetansetilbod og innovasjonsstøtte med finansiering til bedriftene som er tilknytta klynga. Satsinga har fått tilsegn om 12,5 millionar kroner i eksterne midlar. I løpet av 2021 skal det reisast eit bygg på Nordfjordeid der INVIRO og andre bedrifter skal halde hus.