Lesarinnlegg frå Anders Hamre Sveen:

Ufornuftig pengebruk

Lesarinnlegg: Anders Hamre Sveen, Raudt Stryn.  Foto: Bengt Flaten (arkiv)

New Articles

Under Vestland sitt fylkesting i desember prøvde vi i Raudt å få omgjort det ufornuftige vedtaket i Hordaland fylkesting om å rive administrasjonsbygget i Bergen, for så å byggje eit nytt bygg på den same plassen. Foreløpig har den planlagde rivinga og nybygginga ein prislapp på 1,1 milliard kroner. Det er uvisst om det er tatt høgde for EU sitt krav om at 70 prosent av alt byggavfall skal ombrukast eller materialgjenvinnast innan 2020. Kostnaden kjem med andre ord truleg til å verte høgare.