Cruisehamna i Olden:

Har ikkje signert erklæring om strengare miljøkrav

I fjor signerte mange av dei største og viktigaste cruisehamnene ei erklæring om strengare miljøkrav til cruisenæringa. Over halvparten av cruisehamnene har framleis ikkje skrive under.

Cruisehamna i Olden  Foto: Thomas Thaule

New Articles

Medan 14 cruisehamner har godkjent og stilt seg bak den såkalla Viljeserklæringa med fjorten miljøkrav til cruisenæringa, har 23 cruisehamner ikkje gjort det, fortel NRK.

Cruisehamner som Geiranger, Flåm og Nordfjordeid er blant dei fjorten hamnene som har signert erklæringa, medan Olden er ei av dei som ikkje har gjort det.

Stryneordførar Per Kjøllesdal (Sp) strekar likevel under at det ikkje er fordi dei er imot strengare miljøkrav, men fordi kommunen er usikker på om dei greier å finansiere eit landstraumanlegg innan fem år, slik erklæringa legg opp til.

– Målet er å få eit landstraumanlegg på plass i Olden, men vi veit ikkje om vi greier det, seier Kjøllesdal.

Fleire politikarar NRK har snakka med reagerer på at over halvparten av cruisehamnene ikkje har slutta seg til dei skjerpa miljøkrava. Kritikarane fryktar mellom anna at dette kan føre til at cruisenæringa vel hamner utan miljøkrav og at forureininga berre blir flytta.

Ordføraren i Stryn forsikrar på si side at kommunen er opptekne av miljøet sjølv om dei ikkje har skrive under på dei felles miljøkrava. Han viser mellom anna til at fleire cruiseskip blei avviste frå Olden i fjor fordi dei forureina for mykje, og at kommunen er i ferd med å ferdigstilla ein eigen plan om cruiseturisme.