Maren hevda seg i langrenn

Norgescup, langrenn: Maren Hjelmeset Kirkeeide vart nummer 12 på Lygna.  Foto: Roy Aron Myklebust (arkiv)

New Articles

Maren Hjelmeset Kirkeeide frå Markane IL gjekk norgescup i langrenn på Lygna skistadion fredag.

Maren, som til dagleg er elev på landslinja i skiskyting ved Stryn vgs, tok ein sterk 12. plass på 5 kilometeren i konkurranse med utøvarar som er "langrensspesialistar". Opp til 6. plass var det berre 10 sekund.

I mål var Maren berre eit halvt minutt frå pallplass. Ingeborg Nøstgård (IL Nansen) vann, Tuva Anine Brusveen-Jensen (Lyn Ski) vart nummer to og Maren Halle Haugen (IL Runar) tok tredjeplass.

137 jenter stilte på startstrek i klasse K17.