Sjetteplass i ungdoms-OL

Godt resultat: Trym Dalset Lødøen hevda seg heilt i toppen i ungdoms-OL. Her frå fjorårets Kleiva opp.   Foto: Leif Vinsrygg

New Articles

Trym Dalset Lødøen gjorde ein svært god figur i Ungdoms-OL i sveitsiske Lausanne fredag. 17-åringen, med far Øystein Lødøen frå Hornindal, representerer Haugen IL, og som einaste nordmann i randonee-konkurransen hevda han seg heilt i toppen.

Lødøen var berre vel tre minutt bak vinnaren Thomas Bussard frå Sveits. Kun litt over halvtanna minutt skilte han frå bronsemedaljen etter at utøvarane hadde lagt omlag 50 minutt bak seg i den sveitsiske fjellheimen. Det vart også sveitsisk på sølvplass medan Austerrike kapra bronsemedaljen.

I morgon skal Nordfjord sine to andre utøvarar i Ungdoms-OL til pers, då er det 10 km og 12,5 km for skiskyttarane Gunn Kristi Tvinnereim og Emil Hage Stretlien. Sistnemnde representerer Folldal men går på landslinja i Stryn.