Ungdoms-OL Lausanne:

Gunn Kristi slo til med sjuandeplass

Verdstoppen: Gunn Kristi Tvinnereim, Hardbagg IL, slo til med ein råsterk 7. plass i sin internasjonale debut då ho gjekk 10 km i Ungdoms-OL laurdag. Her frå eit renn på Ullsheim førre sesong.  Foto: Inge Fænn

New Articles

Hardbagg-løpar og skiskyttar Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim (17) gjorde det svært godt då ho gjekk 10 km i ungdoms-OL laurdag føremiddag. Med berre tre bom på dei fire skytingane vart ho beste norske og kapra ein sterk 7. plass i sin internasjonale debut.

Tvinnereim låg blant topp-ti gjennom heile løpet, i hard konkurranse med blant anna russarar, tyskarar og franskmenn. Det var russiske Alena Mokhova som vann løpet i suveren stil, ho skaut berre to bom. Tvinnereim var knapt 2,5 minutt vak vinnaren og under minuttet bak bronsemedaljen. Totalt var det nær 90 løparar som deltok.

I ettermiddag skal landslinje-kollega Emil Hage Streitlien (Folldal IL) ut sin ungdoms-OL debut.