Ungdoms-OL i Lausanne:

Streitlien med litt for mange tilleggsminutt

Topp 25: Trass seks tilleggsminutt vart det ein flott 21. plass på landslinjeeleven Emil Hage Streitlien.  

New Articles

Emil Hage Streitlien, elev ved landslinja i skiskyting i Stryn, gjorde også ein fin konkurranse i Ungdoms-OL, få timar etter Gunn Kristi Tvinnereim sin råsterke 7. plass i sveitsiske Lausanne. Litt for mange tilleggsminutt øydela derimot for eit toppløp.

Streitlien starta særs sterkt med god fart i sporet og fullt hus på den første av dei fire skytingane. Han låg her på andreplass, hakk i hæl på landsmann Vegard Thon. Thon leia forøvrig fram til siste skyting, men tre bom der gav til slutt 9. plass.

Dessverre skulle det også bli noko dårlegare resultat på dei komande standplassbesøka for Streitlien. På den andre skytinga vart det tre bom og Streitlien fall tilbake til 22. plass. På det tredje standplassbesøket slapp han unna med berre ein bom og Folldal-løparen klatra til 15.plass. Men med ytterlegare to bom på siste skyting vart det vanskeleg å hevde seg heilt i toppen i det tøffe selskapet.

Streitlien enda til slutt på 21. plass blant dei nær 100 løparane. Han var 3,46 minutt bak vinnaren Oleg Domichek frå Russland som skaut to bom. Stian Fedreheim vart beste nordmann på 5. plass.