Ungdoms-OL Lausanne:

10. plass trass stavbrekk og strafferunde

Stafett: Gunn Kristi Tvinnereim bidrog til 10. plass på singel mix stafetten i ungdoms-OL.   Foto: Privat

New Articles

Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim og makker Stian Federheim gjekk inn til 10. plass på søndagens singel mix stafett i Ungdoms-OL i Lausanne. Men det skjedde ikkje heilt utan dramatikk.

- Stian fekk eit stavbrekk og måtte gå ein heil runde med feil stav, fortel Tvinnereim.

Dei gjekk to etappar kvar, av tre kilometer, og det vart ein tung start på stafetten.

- Ja, uff! Det blei alt for mange ekstraskot og eg fekk strafferunde på første skyting som gjorde at vi hamna langt bak, fortel 17-åringen frå Randabygda. Totalt pådrog duoen seg 18 ekstraskot, i tillegg til den eine strafferunden.

Men etter første etappe og 18. plass gjekk dei to seg gradvis oppover på lista. I mål var dei omlag to minutt bak vinnarlaget frå Frankrike. Italia og Sverige følgde på dei to neste plassane. Tvinnereim og Federheim var 1,30 minutt bak bronsemedaljen.

- Begge var fornøgd med farten i sporet, slår Tvinnereim fast.

Tysdag er det klart for sprint i OL, og der er Hardbagg-løparen igjen på start.