Tok NM-gull med Førde volleyball:

- Det kjennest litt som eit ran

Oskar Raftevold skildrar NM-gullet med Førde volleyball som eit aldri så lite ran, men gler seg stort over sigeren mot TIF Viking.

Sat langt inne: Førde var stadig på hælane i kampen mot TIF Viking, men berga til slutt sigeren og NM-tittelen. Her ser vi Elias Lødemel (oransje trøye) ta Kongepokalen nærare i augesyn.  Foto: Privat

New Articles

- Det var ein typisk Førde-Viking kamp som vart veldig jamn. Eg følte TIF Viking hadde små overtak i dei fleste setta. Heldigvis greidde vi å snu tre av dei i vår favør. Det femte settet kjennest litt som eit ran, sidan dei hadde to matchballar der dei kunne avgjort kampen. Men sidan dei har gjort det same mot oss i tidlegare kampar, så vert det berre dess betre for oss å stikke av med denne sigeren, seier 23-åringen frå Innvik.