Johannes miste verdscupleiinga -men ikkje til broren:

Ny tung dag for Tarjei i Oberhof

Dårleg utteljing: Tarjei Bø fekk nok langt frå den utteljinga han hadde håpa då han reiste til Oberhof i helga. 24. og 25. plass gav magert poengutbyte i verdscupen.  Foto: NSSF

New Articles

Tarjei Bø hadde før denne verdsuphelga ein gylden sjanse til å overta guletrøya av veslebror Johannes, i sistnemnde sitt fråvær grunna føreståande familieauke.

Men utteljinga vart svært mager for storebror Bø. I fredagens sprint tapte Tarjei mykje tid då han gløymde å gå ein strafferunde etter siste skyting og vart nummer 24 i løpet.

Og på dagens fellesstart vart det endå dårlegare poengsanking for Tarjei. Etter ein god start med fullt hus og leiing etter første skyting, så gjekk det jamt feil veg. Det var krevjande vindtilhøve og Tarjei var mellom dei som takla forholda dårlegast; to bom på andre skyting, ein bom på tredje og heile fire bom på den siste skytinga førte verdscuptoaren ned på 25. plass i løpet.

- Det var ein svart dag. Eg hang greitt med i starten men det vart for mange bom og tungt i løypa der eg ikkje klarar henge med dei beste, sa ein oppgitt Bø til NRK etter løpet.

Sjølv om han er frisk etter sjukdomen i jula kjenner han at kroppen har mista masse trening.

- Eg manglar spissen på pila som gjer at du blir dødeleg våpen, var skildringa Bø nytta for å forklare kjensla etter løpet. Han trøstar seg med at to løp skal strykast etter sesongen.

- Eg satsar på at desse to blir stroke når sesongen er slutt.

Ein som derimot greip sjansen og lukkast maksimalt denne helga, var Martin Fourcade. Med siger både på sprinten og dagens fellesstart overtok han leiinga i verdscupen.