Nordfjord-jubel for Sunnfjord-bragd:

Oskar og Elias vart norgesmeister

Norgesmeister: Oskar Raftevold og Elias Lødemel kan kalle seg norgesmeister etter at Førde slo TIF Viking i NM-finalen. Oskar fekk spele store deler av kampen, medan Elias sat på benken med skulderskade.   Foto: Privat

New Articles

Oskar Raftevold frå Innvik og Elias Lødemel frå Hornindal kunne laurdag kveld sleppe jubelen laus etter at Førde volleyballklubb kapra NM-gullet mot TIF Viking.

Det vart ein tøff batalje som varte i over tre timar og det måtte fem sett til for å avgjere kampen mellom dei to NM-finalistane. Etter tre sett såg det noko mørkt ut for sunnfjordlaget, då leia TIF Viking 2-1. Men etter heilomvending i det fjerde settet, og 17-15 i det siste, så var det til slutt Førde som kunne sleppe jubelen laus i Ekeberghallen, der finalen vart spela.

Nervepirrande, underhaldande og rotete

Mor Anne Elin Ekornesvåg var "ringside" og fekk oppleve Elias og Førde kapre NM-gullet.

- Det var fullt trøkk på tribuna og supporterane heia dei fram. Utruleg nervepirrande og spennande, seier Ekornesvåg.

Også Oskar sin far, Terje Raftevold, var på plass i Ekeberghallen. Han opplevde det som ein underhaldande, men noko rotete kamp.

- Ingen av laga briljerte eller fekk skikkeleg flyt. Det var mykje feilserving og ein del andre personlege feil som gjorde at ingen av laga klarte å få skikkeleg overtak. Det blir vel slik i ein NM- finale mellom to jamne lag. Men du verden for ein underhaldningsverdi! seier Raftevold.

To matchballar til Viking

Han fortel at TIF Viking var eit hakk betre i midten av kampen, og etter å ha vunne både det andre og tredje settet låg dei også godt an til å ta det fjerde, og såleis avgjere kampen.

- Men Førde kjempa seg tilbake, godt hjelpt av eit aktivt Førde-publikum. Viking leia og gjennom heile 5. sett, og hadde to matchballar på 14-12. Men Førde gav seg ikkje, og vann til slutt 17-15. For ein finale! seier ein stolt far.