Trenar og tidlegare ungdoms-OL vinnar om Tvinnereim sin prestasjon:

- Ein glimrande debut internasjonalt

Landslinjetrenar: Hans Martin Gjedrem er trenar ved landslinja ved Stryn vgs og har sjølv vore skiskyttar på toppnivå. I 1997 vann han ungdoms-OL, og let seg no imponere over eleven Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim sine prestasjonar. Her er det ein annan landslinje-elev, Martin Aaland, som får instruksjonar.  Foto: Thomas Thaule

New Articles

Hans Martin Gjedrem, trenar ved Landslinja i skiskyting Stryn vgs, let seg imponere over Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim sin prestasjon på normalprogrammet i ungdoms-OL. Og trenaren frå Valldal veit kva han snakkar om. Han var sjølv i norgestoppen i skiskyting, og i 1997 gjekk han likså godt til topps i nettopp ungdoms-OL i Sundsvall i Sverige.