Ungdoms-OL Lausanne:

Lødøen semifinalist i sprintøvinga

Måndag var det sprintøving for randonee-utøvarane i ungdoms-OL. Og igjen synte Trym Dalset Lødøen frå Haugen IL god form.

Semifinalist: Trym Dalset Lødøen, Haugen IL, tok seg til semifinale i ungdoms-OL i ski mountaineering/ randonee måndag.  Foto: Øystein Lødøen

New Articles

Sprint-øvinga gjekk over 1.600 meter og hadde ei innlagt klatring på 61 høgdemeter. Konkurransen var lagt opp etter same lest som i langrenn, med prolog, kvartfinale, semifinale og finale.

Etter den innleiande prologen hadde Lødøen 8. beste tid av dei 24 deltakarane. I kvartfinalen plasserte han seg som nummer tre i sitt heat og var direkte kvalifisert til semifinale. Her var det derimot slutt for Lødøen etter sjetteplass og sist i sitt heat. Dette trass i at han gjorde semifinalen unna kring åtte sekund raskare enn i prologen

Med dette resultatet vart 17-åringen blant dei 12 beste.