Maren med kjempeløp i langrenn

Maren Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL, med to flotte løp i norgescupen i langrenn i helga. Her frå eit lokalt skiskyttarrenn i fjor.   Foto: Roy Aron Myklebust

New Articles

Maren Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL, syner god form for tida. I skiskyting hadde ho førre helg andreplass i norgescupen. Denne helga prøvde ho seg utan børse og gjekk norgescup langrenn på Lygna.

Og det gjekk svært så bra. I konkurranse med ca 140 jamnaldringar, i klasse K17, gjekk Kirkeeide inn til ein kjempeflott 7. plass på 7,5 km skøyting.

Ingerid Vadder frå Morgedal IL vann. Ho var 1,16 minutt føre Markane-løparen. Det var vel halvminuttet fram til tredjeplassen. Fredag fekk Kirkeeide også ein sterk 12. plass i det klassiske løpet.

Familietreff: Onkel Roar Hjelmeset, sjølv ein tidlegare god langrennsløpar med deltaking i junior-VM og seinare landslagstrenar for kvinnene, var på plass på Lygna. Han er trenar ved skigymnaset på Hovden.  Foto: Markane IL