Ungdoms-OL Lausanne:

Også Gunn Kristi vart topp-20

God skyting: Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim med nytt flott løp i ungdoms-OL. Ho er særleg nøgd med skytinga då ho vart nummer 19 på sprinten tysdag.  Foto: Irene Stensaker

New Articles

Det vart eit nytt godt resultat for Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim (17) i dagens sprint i ungdoms-OL. Hardbagg-løparen har sin fremste styrke på standplass, særleg etter mykje sjukdom i oppkøyringa til sesongen, og var avhengig av to fulle hus for å hevde seg heilt i toppen i det harde selskapet med russarar, franskmenn, austerrikarar og tyskarar.

Tvinnereim fekk ein strafferunde på kvar av dei to skytingane, og plasserte seg til slutt som nummer 19 blant dei nær 100 startande. Ho var også i dag best blant dei norske jentene.

Tvinnereim seier ho er nøgd med skytinga og den siste runden, men det var litt tungt i løypa.

Igjen var det russiske Alena Mokhova som vann. Ho var 1,03 minutt føre Tvinnereim med ein strafferunde mindre. Det vart også Russland på andreplass og Austerrike på tredje.

No står det att mix stafett for skiskyttarane, der to gutar og to jenter stiller på laget. Og etter resultata så langt i OL bør Tvinnereim stille sterkt med tanke på å få gå ein av dei to jente-etappane.