Ungdoms-OL Lausanne:

Streitlien topp-20 på sprinten

Topp-20: Emil Hage Streitlien gjorde eit nytt godt renn og vart nummer 19 på sprinten i Ungdoms-OL. 

New Articles

Emil Hage Streitlien gjekk eit nytt godt løp i ungdoms-OL då gutane gjekk sprint tysdag føremiddag.

Folldølingen, som er elev ved landslinja i skiskyting ved Stryn vgs, hadde til liks med normaldistansen god fart i sporet, men pådrog seg litt for mange bom til å kunne hevde seg heilt i toppen. Streitlien vart til slutt nummer 19 med sine tre strafferundar. Ei resultatforbetring med to plassar i høve normaldistansen i helga. Omlag 100 deltok.

Streitlien var omlag halvtanna minutt bak vinnaren Marcin Zawol frå Polen. Denis Irodov frå Russland tok sølv medan Vegard Thon sikra bronsemedalje for Norge. Han var kanpt tjue sekund bak vinnaren med ein bom.

I ettermiddag skal Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim ut i OL-løypene. Ho var nummer 7 på normaldistansen.