Ferje på testtur inn Nordfjorden

MF Julsund på veg inn fjorden.  Foto: Arve Fjellkårstad

New Articles

Torsdag ettermiddag kunne ein sjå ei bilferje på veg inn Nordfjorden. Ikkje eit uvanleg syn å sjå ei ferje på fjorden, det uvanlege er at den var på veg forbi Hildaneset retning austover.

Forklaringa er at ferja, MF Julsund, har vore inne på verft på Raudeberg i Måløy og er på testtur inn Nordfjorden, ifølgje Port of Olden.

Ferja er eigd av Fjord 1 og vart bygd i 2004.