Pallplass for Tarjei og co

Men det var lite å gjere med det franske laget under verdscupen i tyske Ruhpolding

Tarjei Bø  Foto: NSSF

New Articles

Frankrike tok ein suveren siger over minuttet føre Tarjei Bø og det norske laget under 4 x 7,5 km skiskytterstafett i Ruhpolding laurdag.

Tarjei Bø gjorde ein god tredje etappe for Norge og skaut feilfritt i første runde. Under andre skyting måtte stryningen bruke eit ekstraskot som han traff på. Totalt brukte Norge ti ekstraskot, sjølv med rolege vindforhold.

Tarjei Bø kan ikkje lastast for at gullet glapp løp for Norge, men tapte fem sekund på andre runden. Frankrike var uansett suverene og gjekk i mål 1. 12 minutt føre Norge. Østerrike enda på 3. plass.

Det norske laget bestod av Johannes Dale, Erlend Bjøntegaard, Tarjei Bø og Vetle Sjåstad Christiansen.

Søndag er det jaktstart i tyske Ruhpolding.