Fjordingen med feil framstilling om landbruksveg i Olden

Fjordingen kom i fredagsutgåva i skade for å framstille ei sak om landbruksveg på Skarstein i Olden som uavklart, etter fråsegn frå fylkesmannen. Dette stemmer ikkje.
New Articles

Det er rett at Klaesson har søkt om dispensasjon frå kommunedelplanen i Olden, til ein landbruksveg som delvis går over dyrka mark på eigedomen på Skarstein, men den saka er opp og avgjort.

- Den vegen vart endeleg godkjent i november, kan grunneigar Janne Fredheim Klaesson fortelje.

Uttale om bruksendring

Men Klaesson har også søkt om bruksendring for eit av bygga som denne vegen skal føre fram til. Ho ønskjer eit bygg som i dag er regulert til driftsbygning/lagerbygning, regulert til utleigehus. Det er denne bruksendringa fylkesmannen no har uttalt seg om.

- Vi har bede fylkesmannen om vurdering av søknaden om bruksendring. Kommunen sender saka på høyring til fylkesmannen dersom administrasjonen eller politisk nivå er innstilt på å gje dispensasjon, og før kommunen gjer endeleg vedtak. Vi sender også saker på høyring dersom vi er i tvil, for å få fylkesmannen si vurdering og uttale i saka, seier Anne Lyslo, ass. avdelingsleiar byggjesak og regulering.

- Ikkje berre jordbruksareal

Det er elles rett som Fjordingen skriv at fylkesmannen frårår at ei slik bruksendring blir imøtekomen. Dette grunngjeve med omsynet til landbruksinteressene og at ulempene ved ein dispensasjon vert vurdert som større enn fordelane.

- Men omdisponeringa av jordbruksareal er i orden når det gjeld landbruksvegen, stadfestar Lyslo. Ho påpeikar derimot at sjølv om denne vegen er 200 meter lang, er ikkje alt dette jordbruksareal.

- Nei, berre delvis. Den går også over to bustadeigedomar.

Når det gjeld søknaden om bruksendring til utleigehus skal denne opp i sektorutvalet for tekniske saker 30. januar. Dersom Klaesson får grønt lys her har fylkesmannen tre veker på seg til å påklage vedtaket.