Køyrde på hjort og trefte fjellveggen

Illustrasjon  Foto: Arkiv

New Articles

Ein kvinneleg bilførar i 40-åra er sendt til sjekk på legevakta ved Nordfjord sjukehus, etter ei hjortepåkøyrsle ved Blaksettunnelen i 07-tida søndag morgon.

Bilen trefte ein fjellvegg etter påkøyrsla.

Bilføraren skal ha fått smerter i ein fot etter hendinga.

Det var mindre skader på bilen, opplyser Vest politidistrikt på Twitter.