Kan bli rekordhøg vasstand måndag

Kaihuset på Faleide då "Didrik" var på besøk sist månad.  Foto: Bengt Flaten

New Articles

Meteorologisk institutt melder om svært høg vasstand på oransje farenivå måndag 10. februar for Vestland.

- Den høge vasstanden er ein kombinasjon av høgt tidevatn og oppstuving av vatn som følgje av vind mot kysten. Vasstanden er venta å vere høgast natt til tysdag, melder beredskapsseksjonen hos Fylksmannen i Vestland.

Måndag kveld vil ein for alvor merke det store lågtrykket frå eit stormsenter frå vest.

– Vi kan få ein vasstand som vi aldri før har sett, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid til NRK.

Han trur farenivået kan bli auka til raudt måndag kveld. Då er det snakk om ekstremver, og det kan kome fleire rekordmålingar langs kysten sør for Stad.

I midten av januar førte ekstremveret "Didrik" til flaum og høg vasstand langs heile kysten av Vestlandet.

Sjå www.varsom.no/flom-og jordskredvarsling for meir informasjon og oppdateringar.