Anmeldt for brot på kviletid

New Articles

21 bilar vart kontrollert under storbilkontrollen ved Kjøs søndag ettermiddag/ kveld.

- Ein førar vart anmeldt for brot på køyre og kviletida, medan to førarar fekk advarsel for brot på same regelverk. Ein førar vart anmeldt for å ha køyrt med for langt vogntog. Ein førar kunne ikkje dokumentere råderett over køyretøyet og vart ståande til forholdet var avklart. Det vart i tillegg utferdiga eit gebyr på dekk, melder Statens vegvesen.