Sprang sin 600. maratondistanse

Inge Asbjørn Haugen stoppar ikkje å imponere. I helga sprang han sitt 600. maratonløp i karrieren.

Inge Asbjørn Haugen etter å ha fullført 50-kilometerløpet på Bislett, og såleis også lagt bak seg sin 600. maratondistanse.  Foto: Privat

New Articles

Løpet fann stad på den 546 meter lange innandørsbana på Bislett. Det var eit 50 kilometersløp, men etter 78 rundar, som tilsvarar maratondistansen, synte klokka 5.16.17. Tida på 50 km vart 6.18.19.

- Resultatet var utruleg nok ei grundig forbetring av årsbeste på maraton med nesten førti minutt.

Haugen kan melde om eit voldsomt mediekøyr og stor interesse frå VG, TV2 og andre i høve «jubileumsløpet».