Breimsbygda skisenter:

Endeleg klar for sesongstart

- Alt skal vere klart til opning og sesongstart laurdag

- Endeleg: Breimsbygda skisenter sesongopnar laurdag  Foto: Breimsbygda skisenter

New Articles

Det seier ein svært letta og optimistisk driftsleiar ved Breimsbygda skisenter, Runar Kleppe til Fjordingen.

Det omfattande snøfallet på Utvikfjellet dei siste dagane har laga ein solid sole som kan bli liggande, meiner Kleppe.

Han kjenner seg trygg på at heile anlegget kan opnast for etterlengta ferdsel komande laurdag.

- Så håpar vi å få halde ope heile vinterferien. Dette har vi venta lenge på. Betre seint enn aldri, seier Kleppe som har arbeida med preparering av anlegget.

- Også lysløypa er nypreparert no, opplyser han.