Vogntog står fast på Strynefjellet

Fleire tyngre køyretøy står fast ved Grasdalstunnelen på riksveg 15
New Articles

- Fleire tyngre kjøretøy står fast, det melder Vest politidistrikt på Twitter.

I følge Sunnmørsposten er det to vogntog som sperrer vegen på vestsida av Grasdalstunnelen.

Førebels kan personbilar passere.

Vegen vert strødd, men det er usikkert når bergingsbil når fram og får fjerne vogntoga.

– Om bilberginga tek lang tid, vil tyngre køyretøy kunne danne kø. Då vil heller ikkje personbilar kunne passere, seier Jan Erikstad i Vegtrafikksentralen til avisa.