Gir seg som konsernsjef i Ekornes

Ny leiar på plass frå 24. februar

Gir seg Olav Holst-Dyrnes gir seg som konsernsjef i Ekornes  Foto: Nils Harald Ånstad / Sunnmørsposten

New Articles

Roger Lunde er tilsett som ny konsernsjef i Ekornes. Han tek over etter Olav Holst-Dyrnes som har leia det norske møbelkonsernet i seks år.

Lunde begynner sin nye jobb 24. februar 2020, opplyser selskapet i ei pressemelding.

Den nye Ekornes-sjefen er utdanna siviløkonom og har omfattende drifts- og leiarerfaring frå internasjonal industri- og handelsverksemd. Han kjem frå stillinga som administrerande direktør for VVS-grossisten Brødrene Dahl AS.

Ny konsernsjef Roger Lunde er tek til som konsernsjef i Ekornes 24. februar  Foto: Ekornes

Lunde har tidlegare hatt leiarstilling i fleire internasjonale konsern som Kongsberg Gruppen, Scatec Solar, DNB og Aker Solutions, går det fram av pressemeldinga.

– Eg gledar meg til å bli kjend med verksemda, medarbeidarane og kundane, og å bidra til å utvikle bedrifta sitt store potensial, seier Roger Lunde.

Ekornes kan bli selt til Kina

Stor tru på vekst

Torsdag fekk Ekornes på Grodås besøk av konsernsjef og representantar frå kinesiske Qumei som vil kjøpe den norske møbelgiganten.


Olav Holst-Dyrnes takkar av som konsernsjef etter seks år. Han har leia Ekornes gjennom ein krevjande og vellykka omstilling som i 2018 resulterte i at Qumei Home Furnishing Group vart selskapet sin nye hovudaksjonær.

Holst-Dyrnes vil i ein periode vere rådgjevar for styret, opplyser selskapet.

Ekornes:

- Svært ufordelaktig for oss

Arbeidsgivaravgifta i Hornindal vs. Volda utgjer millionbeløp for Ekornes