Betre resultat for Polaris Media

Fleire digitale abonnentar

Illustrasjonsfoto  Foto: Roger Oldeide

New Articles

Konsernet Polaris Media, som Fjordingen er ein del av, fekk eit driftsresultat på 59 millionar kroner i fjerde kvartal. Det er ein auke på 10 millionar frå same periode året før.

Inntektene for den norske verksemda vart redusert med 1 million kroner i fjerde kvartal. Dette kjem i hovudsak av ein nedgang på 15 prosent i annonseinntekter frå papiraviser. Dette vart noko motverka av at abonnementsinntektene auka med 8 prosent, og at digitale annonseinntekter auka med 7 prosent.

– Fjerde kvartal viser ei stabil inntektsutvikling i den norske delen av konsernet, med spesielt god utvikling i abonnementsinntektene og dei digitale annonseinntektene. Som følgje av noko auka kostnader, viser fjerde kvartal ein mindre resultatnedgang samanlikna med fjoråret, seier Per Axel Koch.

I den norske verksemda auka talet på digitale abonnement med 33 prosent til 85.603 i fjerde kvartal. Dei norske avisene hadde då samla 211.500 abonnentar, som er ein auke på 5 prosent.

Polaris Media omfattar 48 mediehus, mellom anna Adresseavisen, Harstad Tidende, Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke, og ei rekkje lokalaviser i Trøndelag, Nord-Norge og på Nordvestlandet.

I november i fjor vart det òg inngått avtale om eit regionalt mediehus på Sørlandet med utgangspunkt i Agderposten Medier.